Eining for Veg og Park søkjer med dette etter arbeidsleiar som vil ha fagleg ansvar innan den daglege drifta for fagområda til eininga knytt mot veg, park og hamn. Frammøtestad er Husnes vassbehandlingsanlegg, Onarheimsvegen 233. Stillinga er i utgangspunktet mellombels for 2 år, med moglegheit for fast stilling etterkvart.
Vi søkjer ein engasjert og handlekraftig arbeidsleiar som trivst med å kombinere praktisk arbeid ute i felt med leiing, koordinering og samarbeid.
Som arbeidsleiar i Veg og park får du ei sentral rolle i den daglege drifta av kommunale vegar, grøntanlegg, parkar og kaiar. Du vil leie og følgje opp dyktige medarbeidarar, planleggje arbeidsoppgåver og bidra til at innbyggjarane møter trygge, funksjonelle og attraktive uteområde kvar dag.
Vi ser etter deg som likar å ta ansvar, skape framdrift og finne gode løysingar i ein variert arbeidskvardag. Du er strukturert, samarbeidsorientert og har evne til å motivere andre. Samtidig set du pris på å vere tett på den operative drifta og sjå konkrete resultat av arbeidet.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema:
Søk herKvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)