Er du ei nattugle som trivst når resten av Bømlo søv? Då kan dette vere draumejobben din!
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune har ledig ei fast 80 % stilling som miljøarbeidar på natt ved Haugen/Askebærhaugen.
Me ser etter ein fagleg trygg og engasjert miljøarbeidar. Du er oppteken av meistring, utvikling og sjølvbestemming, og ønskjer å bidra til trygge rammer i tenestemottakarane sin eigen heim.
Habilitering gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande behov. Me har for tida omlag 128 årsverk som yt heildøgns tenester i 10 burettslag og dagtilbod. Hos oss blir du del av eit engasjert team som jobbar for å skape gode liv og tenester gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet.
Stillinga inngår i ei årsturnusordning. Turnusen følgjer i hovudsak eit mønster med fire nattevakter, sju dagar fri og deretter tre nattevakter. Årsturnus inneber at arbeidsmengda kan variere gjennom året, og at det i enkelte periodar kan vere fleire vakter enn i andre.
Oppstart etter avtale.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming jfr. Hol §5-4 a.
Ønskelege kvalifikasjonar:
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Anna informasjon
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.
Før veke 33: Hilde Mæland, Avdelingsleiar, 950 25 220, hilde.maeland@bomlo.kommune.no
Frå veke 33: Sandra Thorsheim, Avdelingsleiar, 459 70 897, thorsheim@bomlo.kommune.no
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5157043063
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
ForsikringBømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.