Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Kyrkjene og kyrkjegarden betyr mykje for folk i Sunnfjord, her samlast vi i både sorg og glede. Fellesrådet ønskjer at både gravplassane og kyrkjebygga framstår velstelte, at forvaltninga er profesjonell og effektiv og at tilsette har gode rammer for sitt arbeid. No søkjer vi ein assisterande kyrkjeverje som skal bidra til nettopp dette.
Du blir næraste leiarkollega og ein viktig sparringspartnar for kyrkjeverjen, og tek del i leiargruppa. Du får ansvar for gravplassdrifta og gravferdsforvaltninga, inkludert personalansvar for kyrkjegardsarbeidarar og kyrkjetenarar. Du har overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og utstyr. Du planlegg vedlikehald, følgjer opp tiltak og leverandørar og har ansvar for HMS og brannvern.
Nysgjerrig?
Ta gjerne kontakt med vår rådgivar i Human, Ole Magnus Hundvin på tlf:92 33 11 00 eller kyrkjeverje Sissel Vartdal på telefon 48 99 12 57 for ein uforpliktande prat.
Stillingstype: 100 % fast
Arbeidsstad: Førde. Arbeidsområdet omfattar heile Sunnfjord kommune.
Søknadsfrist: 29.11.2026
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd ligg i Sunnfjord prosti og svarar geografisk til Sunnfjord kommune. Fellesrådet legg til rette for kyrkjeleg verksemd i seks sokn og har ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar. Den totale staben i Sunnfjordkyrkja tel rundt 40 tilsette. Arbeidet skjer i samspel mellom sokna, fellesrådet, kommunen og frivillige. I kommunen bur det om lag 22 000 menneske, og kyrkja er ein del av lokalsamfunna gjennom kyrkjelege handlingar, aktivitetar og forvaltning av kyrkjebygg og gravplassar.