Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
Jobb med meining
Video:
https://youtu.be/gLB4c74XJ24Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet, med om lag 2400 elevar og om lag 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum, i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktige for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no.
Det er ledige vikariat frå 1. januar 2027 og ut skuleåret, tilsvarande om lag 250 % undervisningsstillingar i matematikk,naturfagog fysikk. Undervisninga kan vere knytt til studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram eller vaksenopplæring.
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket med rundt 4300 tilsette. Vi jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?