Vil du vere med og utvikle Orre barnehage?
Me har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar, med 60% leiing og administrasjon og 40% arbeid som pedagogisk leiar på avdeling, oppstart snarast mogleg.
Orre barnehage er ein kommunal barnehage med sju avdelingar sentralt på Orre. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø som arbeider for å gi barna ein trygg, inkluderande og utviklande kvardag.
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som ønskjer å birda til vidare utvikling av barnehagen og skapa gode oppvekstvilkår for barna. Som del av leiarteamet får du høve til å påverka både den daglege drifta og det pedagogiske arbeidet.
Ønskjer du å bli ein del av eit fagleg sterkt miljø der du kan utvikle deg, påverke og gjere ein forskjell for barna kvar dag? Då vil me gjerne høyre frå deg.
Veronica Varhaug, Assisterende styrer, +47 45447367
Theavegen 9
4343 Orre
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5187106392
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.