Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?
På Voss sjukehus er du tett på - både pasientane, kollegaene og det som skjer. Her er me små nok til at du vert sett, og store nok til å gje deg faglege utfordringar.
No søkjer me sjukepleiarar som tilkallingsvikarar ved:
👉 Oppgje i søknaden kva seksjon du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.
Du vil i hovudsak jobbe på sengepost, men erfaring frå poliklinikk eller dialyse er òg relevant.
https://www.helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/#les-meir-om-voss-sjukehus
Voss er mellom anna kjent for spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Er du glad i friluftsaktivitetar eller eit variert kulturtilbod så finn du det berre nokre steinkast frå sjukehuset.
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Linn De Wolfe, Seksjonsleiar, 56533932
Gunn Iren Hovda Engvold, Assisterande leiar, +47 41694311
Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5150454054
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 03.07.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.