Me søkjer ein engasjert og trygg miljøterapeut som også skal ha ansvar som teamleiar i 30 % av stillinga.
Stillinga er ei kombinert rolle som miljøterapeut og teamleiar. Stillinga inneber turnusarbeid (dag/kveld/helg).
Miljøterapeutisk arbeid (70%):
Arbeidsoppgåver – teamleiar (30 %)
Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid
Utdanning/erfaring innan rettleiing eller koordinering er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Digital kompetanse og erfaring med dokumentasjonssystem
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Moglegheit for erfaring i leiarrolle
Rettleiing og støtte i leiarrolla
Løn etter avtale. Lokalt rekrutteringstillegg på kr 40 000 som sjukepleiar/vernepleiar + tillegg som teamleiar
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Tove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898
Rokabrekka
5610 Øystese
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5141715452
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir