Vil du vere med på laget vårt?
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig 80% stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar 3.helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi arbeidar for fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktiviteter.
I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Eline Gammelsæter, Seksjonsleiar, Eline.Gammelseter@helse-mr.no
Nøisomhedvegen 12
6416 Molde
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194669845
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2026