Er du sjukepleiar og vil være med å skape nye moglegheiter saman med oss på Rehabiliteringsavdelinga ved Luranetunet?
Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet bu- og behandlingssenter er ei korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga er ei fagleg sterk avdeling med stort hjarte, mykje humor og der tilsette har låg terskel for å spørja kvarandre om hjelp. Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege. Avdelinga samarbeider tett med heimebaserte tenester og fastlegen til pasientane. Den ligg i 1. etasje og har tilgang til både utvendig og innvendig sansehage, med lett tilgang til treningsrom.
Som sjukepleiar på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingane. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.
Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsynfor opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?