Vil du vere med å utvikle den operative kompetansen i politidistriktet? Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som instruktør innan operative fag.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk instruktør som ønskjer å bidra til å styrkje den operative beredskapen i Møre og Romsdal politidistrikt. Som instruktør innan operativ trening får du ei viktig rolle i å planleggje, gjennomføre, evaluere og vidareutvikle trening som sikrar at medarbeidarane våre er best mogleg rusta til å løyse samfunnsoppdraget. Vi ser etter deg som er ein god rollemodell for kollegaene dine og går føre som eit godt førebilete i tenesteutøvinga. Det blir stilt krav til at du kan organisere og leie andre, samstundes som du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver.
Stillinga er organisert under seksjon for operative fag, øving og beredskap ved Felles eining for operativ teneste (FOT). Oppmøtestad Ålesund. Fagleg sett ligg stillinga under fagleiar operative fag i seksjonen. Dagleg aktivitet vil innebere kontakt med alt operativt personell i politidistriktet, og andre relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Vi oppfordrer særleg kvinner til å søkje på stilling som instruktør.
Vi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Du søkjer ved å skrive ein søknad, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcMøre og Romsdal politidistrikt femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.