Me sjår fram til å ta imot søknad frå nyutdanna så vel som erfarne betjentar. Har du høsta erfaring utanfor murane i nokre år er du velkomen til å søkje deg attende til kriminalomsorga.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, men skal og ha evne til å vere rollemodell og rettleiar, og å delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=yPsJr8ExqtsDen som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Stine Marie Berger tlf. 55393603
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kriminalomsorgens samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjoner på en måte som er betryggende for samfunnet og som motvirker straffbare handlinger. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velge å leve et kriminalitetsfritt liv. Vår visjon er «Straff som endrer» og våre verdier er: trygghet, åpenhet og nytenking som er førende for vår atferd og som organisasjon.
Les mer om vår virksomhetsstrategi her. Kriminalomsorgen består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS og fem regioner med cirka 60 lokale fengsler og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med
domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel.