Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for pedagogikk er det ledig ei fast 100% stilling som høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/yrkespedagogikk frå 01. jan. 2027.
Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk der det no er 25 tilsette. Fagmiljøet har brei kompetanse innanfor pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt. For denne stillinga er vi særleg ute etter å styrke fagmiljøet innan praktisk-pedagogisk utdanning (allmennfag og yrkesfag).
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven.
Den som vert tilsett som må:
Den som vert tilsett bør:
Stillinga inneheld oppgåver knytt til undervisning, rettleiing, praksisoppfølging, formidling og forskings- og utviklingsarbeid.
Sentrale oppgåver vil særleg vere knytt til:
I tillegg bidreg fagmiljøet i tilskotsordninga for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og skule, der vi har rolla som utviklingspartnar. Instituttet er involvert i fleire forskingsprosjekt og har god publiseringsaktivitet. Det er venta at alle tilsette er aktive medlemmer i ei av forskingsgruppene ved høgskulen.
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå kr. 657 150 – 801 532 i stillingskode 1008 høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte instituttleiar Septína Selma Einarsdóttir tlf. 70 07 51 53/ 450 33 789, e-post: septina.selma.einarsdottir@hivolda.no
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning allmennfag og yrkesfag, ulike fagutdanningar og mastergradstudium med spesialiseringar i matematikk, norsk, spesialpedagogikk eller barnehagekunnskap, samt eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXcHøgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.