Avdelingsleiar
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post ved Haugesund sjukehus.
🏥 Kirurgisk post har 8 senger og eit spennande og variert pasientgrunnlag. Hos oss møter du fleire fagfelt, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, behandling av føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske tilstandar. I helger, høgtider og ferieperiodar tek vi også imot gynekologiske pasientar.
🌟 Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider godt og støttar kvarandre. Du får moglegheit til fagleg utvikling, spennande utfordringar og ein kvardag der ingen dagar er heilt like.
Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss!
I denne stillinga vil du mellom anna:
Anne Ringe, Avdelingsleiar
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5189446571
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.