Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Stranda kommune har ledig 1 fast stilling som overordna vakt/innsatsleiar i 1,97 % frå 01.01.2027. Stillinga inngår i 4-delt dreiande vaktordning med vakt fredag-fredag og dekkjer kommunane FJord og Stranda.
Formålet med stillinga som overordna vakt er å sikre leiing, koordinering og fagleg støtte til utrykningsleiarane ved brann og redningsinnsats.
Overordna vakt fungerer som "innsatsleiar brann" ved brann og ulykker.Overordna vakt skal innta brannsejefen sitt mynde ved brann og ulykker, når brannsjefen ikkje er tilgjengeleg.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Tonny Åsen, Brannmeister, 46411143
Inge Teigen, Brannsjef, 46411033
Bruavegen 9
6200 Stranda
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5184647086
Stillingsprosent: 1,97%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2026
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.