Naustdal Idrettsbarnehage blir drifta etter Læringsverkstedet sitt idrettskonsept. Vi nytter pedagogisk idrett som metode for å nå måla våre, og vi ønskjer at alle barn skal oppleve bevegelsesglede og matglede i kvardagen. Vi nyttar kroppen aktivt i kvardagen – i leik, læring og utvikling. Vi meiner at aktive barn er glade barn, og at læring skjer best når heile kroppen er med.
Barnehagen består av seks avdelingar med ca. 100 barn, og ligg sentralt i Naustdal. Med fjord, fjell og natur tett på, er moglegheitene gode for turar og friluft.
Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og eigen kokk.
Som assistent vil du jobbe aktivt og lojalt med gjennomføring av barnehagen sine daglege gjeremål og pedagogiske opplegg, i samsvar med vår verdiplattform, mål og planar.
Du må vere ein relasjonsorientert person som ser kvart enkelt barn. Du lyttar og er lydhøyr på kva barna ønskjer å formidle. Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling.Du står fram som løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må du kunne kommunisere med menneskjer med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst. Vi ønskjer ein assistent som er god, varm og ein omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale. Du må identifisere deg med Læringsverkstedet sine verdiar.
I Læringsverkstedet jobbar vi for å få barna til å vokse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Vi ser etter medarbeidarar som ønskjer å bidra og gje av seg sjølv, som evner å lytte til andre, dele erfaringar og styrke felles ambisjonar. Viljen til hele tiden å bli betre, både fagleg og menneskeleg, er ein føresetnad for alle som jobbar i Læringsverkstedet.Vi er ein av Norges største private barnehageeigarar med 250 barnehagar og 7000 tilsette, og vi er eigd og drifta av pedagogar. Hos oss vil du oppleve eit stort fagleg nettverk og vårt løfte til alle tilsette er:
"Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."