Helse Vest IKT leverer teknologi- og plattformtenester som understøttar spesialisthelsetenesta på Vestlandet. I avdelinga Sky bygger og vidareutviklar vi ei hybrid skyplattform som gir sjukehusa ei trygg, moderne og effektiv plattform for dagens og framtidas behov.
No søker vi ein nettverksspesialist som vil vere med å utvikle skyplattforma vår. Du blir ein del av Datasenter-teamet, som har ansvar for datasenter, nettverk, lagring og den underliggande infrastrukturen skyplattforma byggjer på.
Hos oss blir du ein del av eit breitt fagmiljø der datasenter, nettverk, Kubernetes, automatisering og offentleg sky blir levert som éi samla skyplattform. Vi jobbar i produktorienterte team med høg grad av eigarskap, samarbeid og kontinuerleg forbetring.
Vi ser etter deg som brenn for nettverksfaget, likar å automatisere og forenkle, og som ønsker å vere med på å forme framtidas plattformtenester. Hos oss får du jobbe med infrastruktur som er avgjerande for pasientbehandlinga i Helse Vest, saman med dyktige kollegaer i eit miljø prega av tillit, kunnskapsdeling og kontinuerleg læring.
Arbeidsstad er i Stavanger eller i Bergen.
Høyrest det givande ut å jobbe med teknologi som støttar livsviktige tenester og bidreg til ei trygg og moderne helseteneste? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ivan Dyb Holmedal, Seksjonsleiar, +47 90 60 22 28
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 5152981442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no