oppgitt for den enkelte avdelinga
Vil du jobbe med avansert intensivmedisin i et sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest?
Haukeland universitetssjukehus søker intensivsjukepleiarar til fleire av våre spesialiserte intensivavdelingar. Hos oss får du anledning til å jobbe breitt innan intensivmedisin, i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland Universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd og smertebehandling. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet.
KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er Intensiv- og postoperativ avdeling med fire seksjonar; Intensivmedisinsk seksjon, Postoperativ seksjon, Postoperativ Glasblokkene og Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Postoperativ Glasblokkene her driftar vi over to etasjar, der U2 hovudsakleg er for vaksne pasientar (døgndrift) med eige kirurgisk mottak. Vi har pasientar innan fagfelta gynekologi og obstetrikk samt bryst- og endokrinologi. Utover planlagt kirurgi får vi pasienter med behov for øyeblikkelighjel fra de samme fagfelta. I U1 held vi ope mandag til fredag kl 08-18. Her overvakast primært barn, etter operasjon eller undersøking/behandling i narkose. I tillegg drifter vi to gonger i veka postoperativ overvaking i Augebygget.
No ønskjer vi fleire dyktige intensivsjukepleiarar med på laget. Hos oss får du ein variert og allsidig arbeidskvardag med både heildøgnspasientar og dagkirurgi. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagutviklingssjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart.
KSK Postoperativ seksjon søkjar intensivsjukepleiarar til eit spennande fagmiljø med rundt 12 000 pasientar årlege. Hos oss møter du postoperative pasientar, traumepasientar og intensivpasientar, både vaksne og barn, innan eit breitt spekter av kirurgiske fagområde.
Vi tilbyr høg fagleg aktivitet, stor variasjon og eit arbeidsmiljø vi er stolte av.
Bli ein del av laget vårt!
Vi har 3-delt turnus og jobbar 15 helgar på 52 veker, mogelegheit for langvakter.
Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO) ivaretar hovudsakleg nyopererte hjarte- og lungepasientar. Seksjonen behandlar òg kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å utvikle deg fagleg både innan behandling av intensivpasienten og den postoperative pasienten. Det er om lag 60 intensivsjukepleiarar tilsett ved seksjonen.
Vi har no ei ledig fast stilling i 100 % tredelt turnus.
Vil du jobbe der det verkeleg gjeld?
Intensivmedisinsk seksjon behandlar årleg rundt 600 pasientar, frå barn til vaksne, og tilbyr avansert intensivbehandling som respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, moderne utstyr og store moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi søkjer fleire intensivsjukepleiarar til faste 100 % stillingar i tredelt turnus.
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5197091714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.