Vi søkjer ein funksjonsleiar som vil ta ansvar for både medarbeidarar, fagleg utvikling og dagleg drift ved intensiveininga vår.
Her får du ei sentral leiarrolle i ei eining som behandlar akutt kritisk sjuke pasientar og overvaker pasientar etter operasjon. Du blir ein del av leiarteamet i seksjon anestesi/intensiv, som omfattar anestesieining, intensiveining, anestesilegar og palliativt team.
Hos oss får du samarbeide med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar, samtidig som du får høve til å påverke utviklinga av både fagmiljøet og pasientbehandlinga.
Er du klar for nye utfordringar og ønskjer å vere med på å utvikle intensiveininga vår? Søk hos oss!
Som funksjonsleiar har du fag-, personal- og økonomiansvar for intensiveininga. Du rapporterer til avdelingsleiar og inngår i leiarteamet i seksjonen.
Dei viktigaste oppgåvene dine blir å:
Vi ser etter ein leiar som er tydeleg, samarbeider godt med andre og har evne til å skape struktur i ein travel arbeidskvardag.
Vi ønsker at du:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Gunnar Helge Sjøen, Leder AIO, 47709138, gunnar.helge.sjoen@helse-fonna.no>
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5195792830
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.