Midtre Telemark Pedagogisk-psykologisk tjeneste er ein interkommunal teneste som dekker kommunane Nome, Seljord og Midt-Telemark. Kontoret er lokalisert på Gvarv i Midt-Telemark kommune og har 12 tilsette.
Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) har som mål å bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde behov sikras gode opplærings- og utviklingsmogleghetar. PPT skal samarbeide med og støtte barnehagar og skular i det forebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. PPT skal støtte og rettleie i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidlig som muleg når det trengst. Tjenesta skal også hjelpe til med kompetanseheving og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande som mogleg. PPT er kommunens sakkyndige instans ved vurderingar om spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelagt opplæring.
Vil du vere med og utvikle system- og veiledningsarbeidet i PP-tjenesten? PPT søkjer ny medarbeidar til veiledningsteamet!
Vi ønskjer å styrkje PPT sitt førebyggjande og utviklingsretta arbeid og søkjer derfor ein rådgjevar som får dette som hovudoppdrag. Du skal arbeide tett med barnehagar og skular gjennom rettleiing, rådgjeving og utviklingsprosessar, og bidra til å styrkje kompetanse, organisering og pedagogisk praksis.
Oppdraga vil kunne vere knytte til utfordringar på gruppe- og organisasjonsnivå. Stillinga inneber ikkje utarbeiding av sakkunnige vurderingar.
Veiledningsteamet skal ivareta PPTs mandat om forebyggende arbeid, kompetanse- og organisasjonsutvikling. Som rådgiver i vårt veiledningsteam vil du jobbe med systemrettet veiledning, kompetanseutvikling og støtte til pedagogiske utviklingsprosesser.
Arbeidsoppgaver og organisering kan endres i tråd med tjenestens behov.
Personlig egnethet vil bli vektlagt.
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Særskilde krav
Ida Elisabeth Welta Myrene, Einingsleiar, +47 97028117
Torkild Gunnheims veg 3
3810 Gvarv
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5190909447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.