Ved Valestrand skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv. Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy.
Vi ser etter deg som ønskjer å ivareta og lage gode dagar og læringsmiljø for elevane våre i ein 100 % fast stilling.
Oppstart i stillinga er 01.11.2026
Som miljøarbeidar ved skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna:
Kvalifikasjonskrav
Dersom du får tilbod om stilling må du legge fram gyldig politiattest jf.opplæringslova som ikkje er eldre enn 3 md.
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for goder du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Verdiane våre ved Valestrand skule er; engasjert, inkluderande og kreativ, og vi arbeider for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.
Skulen har eit aktivt elevråd som arbeider for at alle elevane på skulen skal få ein best mogeleg skulekvardag.
Valestrand har temadagar jamnt gjennom året og verdset aldersblandanda aktivitetar.
Valestrand skule er ein av dei største skulane på Osterøy og ligg vakkert til og nær naturen, med mellom anna Ole Bull sin feriebustad.