Vil du vera med å skapa verdiar i hjartet av kraftbygda?
Vi trur du kjenner deg att i noko av dette:
Du har utdanning innan økonomi, rekneskap eller liknande, eller relevant erfaring
Du er nysgjerrig og ønskjer å læra
Du likar å arbeida strukturert og sjølvstendig
Du trivst med ansvar og varierte arbeidsdagar
Du samarbeider godt med andre
Har du autorisasjon som rekneskapsførar er det sjølvsagt positivt, men vi er minst like opptekne av personen, motivasjonen og kompetansen du kan bidra med.
Rekneskap og økonomioppfølging
Fakturering og rapportering
Budsjett- og analysearbeid
Oppfølging og analyse av selskapet si kraftportefølje
Administrative oppgåver
Oppfølging av kundar og samarbeidspartnarar
Andre oppgåver tilpassa erfaring, kompetanse og interesse
Hos oss får du ikkje berre ein jobb. Du får moglegheita til å påverka, læra og utvikla deg i eit lite og fagleg sterkt miljø der avstanden frå idé til handling er kort.
Eit lite og uformelt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver og stor påverknad på eigen arbeidskvardag
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår
Ei spennande rolle i eit selskap med sterk lokal forankring innan kraft og energi
SEV AS er eit lite selskap med tre tilsette. Vi arbeider tett opp mot kraft- og energimiljøet i regionen og har ansvar for mellom anna rekneskap, budsjettering, økonomioppfølging og kraftrelaterte oppgåver for fleire selskap. Du får også moglegheit til å bli involvert i arbeidet med kraftporteføljen vår. Dette er eit spennande område der økonomi, analyse og kraftmarknad møtest, og der du kan få innsikt i ein bransje som har stor betydning for regionen og framtida.