Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vestland fylkeskommune har flest tunellar på fylkesvegnettet i landet. For å styrke vårt tunellforvaltarmiljø søkjer vi no etter ein person som kan fylle rolla både som praktisk tunellforvaltar og brannvernleiar. Du vil bli ein sentral person i arbeidet med å rapportere til formell tunellforvaltar og å planlegge og gjennomføre brannøvingar. Stillinga kjem i tillegg til dagens sikkerheitskontrollør tunell, praktisk tunellforvaltar og brannvernleiar.
Stillinga er lagt til avdeling for Vedlikehald, Drift og Beredskap (VDB) som ligg på avdeling for Infrastruktur og Veg. VDB har rundt 100 tilsette som jobbar med drift og vedlikehald.
Kontorstad for stillinga er Leikanger, Bergen eller Førde.
Du skal bidra til at tunellane våre blir følgde opp på ein trygg og systematisk måte.
Du vil mellom anna:
Du kan ha bakgrunn frå tunellfaget, men det er ikkje den einaste vegen inn i stillinga. Erfaring frå veg, teknisk infrastruktur, drift og vedlikehald, beredskap eller andre tekniske og sikkerheitskritiske miljø kan også vere relevant.
Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, arbeider systematisk og har interesse for sikkerheit, risiko og beredskap.
Du må vere motivert for å lære tunellfaget og utvikle deg vidare saman med fagmiljøet vårt.
Dette er ei rolle med ansvar. Vi ser derfor etter deg som arbeider systematisk, tek initiativ og følgjer saker heilt fram.
Du legg merke til når noko ikkje er som det skal, undersøker kva som må gjerast og sørgjer for at det blir følgt opp. Du er trygg nok til å ta ansvar og gjere vurderingar, samtidig som du veit når du skal hente inn andre fagpersonar.
Du må også trivast med samarbeid. Arbeidet med tunellsikkerheit går på tvers av fag og involverer både kollegaer, entreprenørar, brannvesen og andre aktørar. Vi ser derfor etter deg som kommuniserer godt, deler kunnskap og bidreg til eit godt fagmiljø.
Vi trur du vil trivast dersom du likar kombinasjonen av fagleg fordjuping, praktiske problemstillingar og det å sjå at oppfølginga di faktisk får betydning ute på vegnettet.
Du blir ein del av Vedlikehald, drift og beredskap i Infrastruktur og veg. Avdelinga har rundt 100 medarbeidarar som arbeider med drift og vedlikehald av fylkesvegane.
Hos oss får du ei fagleg utfordrande stilling med stor samfunnsnytte, eit godt fagleg nettverk og moglegheiter for vidare utvikling.
Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, heimekontor etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte avdelingsleiar Eivind Yttri på telefon 908 30 854.
Eivind Yttri, Avdelingsleiar, +47 90830854
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5157217850
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.