I Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tjenesteeining Bergen vest politistasjonsdistrikt, avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing, er det ei ledig stilling som politibetjent 3/2/1 med funksjon som fleirkjeldeanalytikar. GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt: Bergen sør, Bergen vest, Bergen sentrum og Askøy og Øygarden.
Stillinga er plassert ved Bergen vest politistasjonsdistrikt, under avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing. Stillinga har ansvar for å delta i analyseprosessar i heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden, samstundes som stillinga har ansvar for å utarbeide og presentere etterretningsprodukt. Stillinga samhandlar tett med dei andre funksjonane ved avsnittet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi er ser etter ein motivert medarbeidar med engasjement for etterretningsfaget. Du må ha analytiske evner, og kunne blant annet sammenstille, bearbeide og analysere informasjon til etterretningsprodukter. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med kollegaer. Det vektleggjast at medarbeidarar i stillinga må vere komfortabel med å presentera ulike produkt for leiargruppa og andre på bestilling. Som medarbeidar vil du samhandle tett med kollegaer i andre etterretningsmiljø, både lokalt, sentralt og eksternt. Vi ser etter deg som evner å arbeide under tidspress og trives i ein hektisk arbeidskvardag.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping og som tenkjer førebyggjing som primærstrategi. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral, motivasjon og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.