Haram kommune søker etter bibliotekmedarbeidar i 5 % fast stilling med arbeid anna kvar laurdag.
Biblioteka i Haram består av Brattvåg bibliotek, Eidet bibliotek, Lepsøy bibliotek, Haramsøy bibliotek og Longva bibliotek.
Arbeidsplass blir i hovudsak for tida på Eidet bibliotek.
Haramsbiblioteka har seks tilsette. Alle tilsette utfører skrankearbeid, hjelper besøkande, følger opp bestillingar, utlån og innlevering. Alle hjelper også til ved planlegging og gjennomføring av arrangement. I tillegg kan andre oppgåver påreknast. Vi er omstillingsdyktige og opptekne av utvikling. Målet vårt er at biblioteka skal vere stader for folkeopplysning og livslang læring. Samtidig bidreg vi til å redusere einsemd og forskjellar i samfunnet ved å vere ein gratis møteplass for alle.
På Haramsbiblioteka møtast folk på tvers av alder, kjønn, utdanning, demografi og etnisitet. I tillegg til rettleiing, tilbyr vi innbyggarane ulike arrangement, som til dømes barnehage- og skulebesøk, forfattarbesøk, seniortreff og babytreff.
Haramsbiblioteka satsar på både det fysiske og det digitale biblioteket.
Dersom du er glad i både menneske og litteratur, har vi trua på at du er den rette søkaren.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Velkomen som søkar.
Andre arbeidsoppgåver kan førekome.
Søkar bør ha førarkort klasse B
Petter Sortevik, Stabssjef, 95479474, petter.sortevik@haram.kommune.no
Eva Ulla Myren, Bibliotekleiar, 98897422, Eva.Ulla.Myren@haram.kommune.no
Vatnevegen 41
6265 Vatne
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5195118269
Stillingsprosent: 5%
Fast
Startdato: 02.01.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.