Tenesteleiar Familie, helse og førebygging
Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg.
I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rustenesta, helsestasjons- og skulehelsetenesta, familie rettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rustenesta er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fem tilsette i til saman 4,4 årsverk. Ei av stillingane har funksjon som barne- og ungdomslos og har kontor på skulen.
Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men det kan vere aktuelt med lågare stillingsprosent dersom søkjaren ønskjer det. Den som blir tilsett, må vere innstilt på å vikariere som barne- og ungdomslos i perioden frå januar til og med juni 2027. Stillinga er ledig for snarleg tiltreding.
Hjå oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, høve til fagleg utvikling og moglegheita til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, Melanie.Degen@vestre-slidre.kommune.no
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5152981270
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.08.2026
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no