Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.
Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste.
📍 Vi har no ledig fast stilling ved Odda og Kvinnherad ambulansestasjon.
💙 Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Lars Gunnar Nilsen, Funksjonsleiar, 40209848
Frode Nygård, Funksjonsleiar, 99288068
Albert Pettersons veg 3
5750 ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5154804278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 21.09.2026
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.