Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi søkjar etter barnehagelærar til 60% vikariat. Stillinga er for tiden i Vikedalen barnehage, og gjeld frå desember og ut barnehageåret 26/27.
Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.).
Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven.
Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside - https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/
Vi oppfordrar menn til å søkje.
Barnehagelæraren har, i lag med pedagogisk leiar, ansvar for å drive avdelinga i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar, rammeplan for barnehagar, årsplan samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift.
Barnehagelæraren må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn, og skal aktivt delta i den faglege utviklinga av barnehagen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no
Gråurvegen 2
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5200666025
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 08.08.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!