Ein av kollegaene våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker derfor ein HR-konsulent til eit 100% vikariat med oppstart snarast og varigheit ut 2027. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og støtte leiarar og tilsette, og som ønsker å utvikle deg innan HR.
Som HR-konsulent vil du samarbeide med ulike delar av organisasjonen. Rettleiing og service til leiarar og tilsette er ein sentral del av stillinga. Du vil bidra til at dei får god støtte i HR-relaterte spørsmål, og til eit godt samarbeid på tvers av fagområde.
Stillinga passar for deg som liker å jobbe med menneske, kommuniserer tydeleg og er oppteken av å finne gode løysingar. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din og utvikle deg vidare gjennom varierte oppgåver og samarbeid med andre.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.