Vil du ha ein fagleg spennande jobb med ansvar og påverknad? Vi søker deg!
Vi søker etter to fagleg trygge og engasjerte vernepleiarar/sjukepleiarar/miljøterapeutar i ca. 60 % faste stillingar til vår heldøgns bemanna bustad på Skodje.
Det er gode moglegheiter for å auke til 100 % stilling over tid.
Stillingane inngår i årsturnus med arbeid kvar 4. helg i 2026, med moglegheit for å kome med ønskje til turnus for 2027.
Du vil få primæransvar for tenestemottakarar med samansette og omfattande behov. Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen.
Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.
Botenesta Nordre avdeling Skodje 2 gir tilrettelagde tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Vi arbeider målretta for å skape ein kvardag prega av meistring, utvikling og livskvalitet i eit trygt og inkluderande fellesskap.
Fleire av våre tenestemottakarar har vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, noko som krev høg fagleg kompetanse, etisk refleksjon og trygge fagpersonar.
ida Larsen, Avdelingsleder, 948 78 673, ida.larsen@alesund.kommune.no
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, eirik.froystad@alesund.kommune.no
Niusvegen 24
6260 Skodje
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5151272813
Stillingsprosent: 58,28, 56,28%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.