Avdelingsleiar Sveio Omsorgssenter
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar, i tillegg til kjøkkendrift og reinhald/vaskeri. Me har gode erfaringar med Ung i Helse, både i ferieavvikling og i faste helgestillingar. Difor ønskjer me deg med på laget for å bidra til gode tenester gjennom heile året.
Arbeidstida vil vere frå kl. 08.00 til kl. 13.00, og stillinga gjeld annakvar helg.
Arbeidet vil ikkje omfatte stell av pasientar, men oppgåver knytte til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.
Oppgåver knytt til måltid, sosiale situasjonar, ulike aktivitetar med pasientane og anna førefallande arbeid.
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.