Vi søkjer ein nøyaktig helsesekretær til å bidra i ulike administrative oppgåver ved Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdommar (Napos). Vi har spesialkompetanse innan diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med desse sjeldne, arvelege sjukdommane.
Eininga har som mål at personar med porfyrisjukdommar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgjetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.
Vi rettleiar helsepersonell over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa, i tillegg til å utarbeide og publisere behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdomane. Vi driv undervisning og har eit breitt spekter av andre læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får gjennom det nasjonale medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.
Vi består av om lag 12 årsverk og er tverrfagleg samansett, mellom anna med lege, farmasøyt, genetisk rettleiar, sjukepleiar og bioingeniør. Vi høyrer til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus. For meir informasjon om oss; sjå Napos.no
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Åshild Rostad Enes, Seksjonsleiar, 99 45 69 49, ashild.rostad.enes@helse-bergen.no
Marte Høvik Hammersland, Spesialbioingeniør, 55 97 32 96, marte.hovik.hammersland@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5151849525
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 16.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.