Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte. Me er om lag 20 barn i barnehagen og 36 elevar i skulen.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i barnehagen.
Velkomen som søkjar!
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Unni Kristensen, Ass. verksemdsleiar, 97176385, unni.kristensen@vinje.kommune.no
Maria Bruleite Bjåen, Verksemdsleiar, 91719899, maria.bjaaen@vinje.kommune.no
Kyrkjevegen 25
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5152052720
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 13.08.2027
Søknadsfrist: 24.07.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!