Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Kommunedirektør
ME SØKJER ETTER EIN VERKSEMDSLEIAR/STYRAR SOM ER GOD MED MENNESKE OG SOM VIL VIDAREUTVIKLE FRAMTIDAS BARNEHAGE!
Vil du leie ein barnehage der glede, leik og fellesskap står sterkt, samstundes som du får bruke heile breidda av leiarkompetansen din?
I Edland barnehage er kvardagen fylt med humor, kreativitet og gode opplevingar. Her møter du 14 engasjerte medarbeidarar, 36 nysgjerrige barn og eit lokalsamfunn som bryr seg om barnehagen sin.
Lokalkulturen lever vidare gjennom små og store kvardagsstunder, der naturen er ein viktig arena for leik, læring og utforsking. Leiken står i hjartet av det me gjer.
Hos oss får barna utforske naturen året rundt, bli kjende med lokale tradisjonar og skape gode møte med eldre på tvers av generasjonar.
Som styrar blir du ein viktig pådrivar for eit inkluderande og utviklingsorientert barnehagemiljø. Du får vere med på å forme ein stad å vekse upp der natur, kultur, omsorg og fellesskap går hand i hand.
Samtidig veit me at leiing ikkje berre handlar om dei gode dagane. Som styrar må du kunne stå støtt når forventningar skal handterast, ulike behov møtest og utfordringar oppstår. Du må evne å skape retning, ta avgjerder og samle medarbeidarar rundt felles mål, også når kvardagen blir krevjande.
Til gjengjeld får du moglegheita til å gjere ein forskjell.
For barna.
For medarbeidarane.
For lokalsamfunnet.
Me søkjer ein leiar som ser menneske, byggjer tillit og har mot til å stå i både gleder og utfordringar saman med oss.
Det er ei moglegheit til å forme framtida - Vinje kommune sin visjon er: Vinje utfordrar framtida!
Som verksemdsleiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta og utviklinga av barnehagen. Du leier det pedagogiske arbeidet, utviklar medarbeidarar og sikrar at barnehagen er ein trygg, attraktiv og lærande arena for barn, føresette og tilsette.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med barnehagelova § 30 før tiltreding.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Jan Myrekrok, Kommunedirektør
Storegutvegen 50
3895 Edland
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5199072098
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.