Utviklingsdirektøren har ansvar for stabsområdet Fag og utvikling, som omfattar seksjonane Arkiv og dokumenthandtering, Forsking og innovasjon, Kompetanse og utdanning, Kvalitet og pasienttryggleik, Samhandling og Senter for kliniske fagsystem. Stabsområdet har eit driftsbudsjett på om lag 85 millionar kroner og rundt 60 tilsette. Det har ei sentral rolle i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og pasienttryggleik på tvers av føretaket.
Helse Førde er ei av dei største verksemdene i regionen og tilbyr spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. På nettsida vår finn du meir informasjon om verksemda: Helse Førde.
Stillinga er lokalisert i Sunnfjord kommune, ein attraktiv og vekstkraftig kommune midt mellom fjord og fjell. Kommunen tilbyr varierte bustadområde, gode oppvekstvilkår og rike kultur- og friluftsmoglegheiter. Du kan lese meir om kommunen her:
Sunnfjord kommune.Vi søkjer ein erfaren og visjonær utviklingsdirektør som kan leie og drive det strategiske utviklings- og innovasjonsarbeidet i føretaket.
Helse Førde står i ein krevjande økonomisk situasjon. Tilpassing av drifta til dei økonomiske rammene vil krevje solid styring, tett oppfølging og tydeleg leiing. Utviklingsdirektøren skal bidra til at utviklingsarbeidet understøttar føretaket sine overordna mål om berekraftige tenester og god ressursutnytting.
Helse Førde har som mål å vere ein lærande organisasjon. Utviklingsdirektøren får ansvar for det systematiske arbeidet med organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring og innovasjon, med særleg vekt på eit styrkt partsamarbeid og god samhandling med kommunane. Føretaket gjennomfører kvart år ei rekkje utviklings- og forbetringsprosjekt, og utviklingsdirektøren får ei sentral rolle i prioritering, koordinering og styring av desse.
Arbeidet med Vestlandslegen vil vere ei viktig oppgåve for den nye direktøren. Det same gjeld samarbeid med universitet, høgskular og andre utdannings- og forskingsmiljø. Vi ser etter ein leiar som kan kombinere strategisk tenking med gjennomføringskraft, og som evnar å inspirere og leie tverrfaglege miljø mot felles mål.
Vi ønskjer ein kandidat med solid leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne innan utvikling, innovasjon, forsking, teknologi eller kunnskapsverksemd.
Stillinga byr på varierte og krevjande oppgåver innan organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og strategisk utviklingsarbeid. Utviklingsdirektøren samarbeider tett med fagdirektøren og dei øvrige direktørane i føretaket.
Utviklingsdirektøren rapporterer til administrerande direktør og inngår i føretaket si leiargruppe.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Arve Varden, Administrerande direktør, (+47) 992 19 352
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5185802287
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.