I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjev tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og heimelaga brød til fruktmåltidet kvar dag.
Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.
Me har pedagogar, sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar.
Barnehagen skal, barnehageåret 2026–2027, ha barn på 8 avdelingar med i alt 128 barn.
Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen: https://vestlybhg.no/
Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Svein Magne Wilson Særheim, styrar, 47663145, svein.magne.wilson.saerheim@time.kommune.no
Vestlyvegen 117
4347 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5195190238
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.