Avdeling for Mobilitet - og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å ivareta og utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke. Avdelinga har no ei ledig stilling som seniorrådgjevar / rådgjevar ved seksjon for transportplanlegging.
Transportplanseksjonen har ansvaret for overordna fylkeskommunal samferdsleplanlegging, samt deltaking i og oppfølging av statleg planlegging innanfor transportområdet. Arbeidet med Byvekstavtalen for bergensområdet, deltaking i Miljøløftet, planlegging av kollektivinfrastruktur, heilskapleg satsing på berekraftig mobilitet og gjennomføring av regional plan for areal og mobilitet er hovudoppgåvene til transportplanseksjonen. Uttale til arealplanar, samt innspel til nasjonalt regelverk og rammevilkår innen samferdselsområdet, er også lagt til denne seksjonen.
Transportplanseksjonen ved avdeling for mobilitet og kollektivtransport søkjer no etter ein engasjert og fagleg sterk seniorrådgjevar/rådgjevar. Du vil vere med å forme kollektivtilbodet og transportutviklinga i Bergensområdet og Vestland, og du vil ha arbeidsoppgåver knytt til oppfølging og koordinering av fylkeskommunen sine interesser i Miljøløftet, planlegging av større og mindre kollektivinfrastruktur, og gjennomføring av regional plan for areal- og mobilitet.
Du vil også kunne få oppgåver knytt til oppfølging av analyse- og utgreiingsoppgåver innanfor samferdsleområdet og oppfølging av forskingsprosjekt. Du vil jobbe tett saman med medarbeidarar, kommunar, statlege etatar og andre aktørar.
I tillegg er det fint om du har:
Hans-Christian Engum, konst.seksjonsleiar, 97147848, hans-christian.engum@vlfk.no
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5158524052
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.