Hjellbakkane barnehage søkjar etter tilkallingsvikarar.
Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vokse, i eit trygt fellesskap!!
Hjellbakkane barnehage har som mål at alle barn skal oppleve bevegelses glede og glede i samhandling med kvarandre og naturen kvar dag. Barna skal få gode opplevingar, og vi ynskjer at dei skal ta med seg gode vanar og erfaringar vidare i livet. Hjellbakkane barnehage flyttar heile barnehagen ut til ein anna lokasjon 5 veker i året (2 på hausten, 1 på vinteren og 2 på våren), so eit engasjement for friluftsliv og natur er nødvendig når ein er i vår barnehage.
Vi ynskjer tilkallingsvikarar som bidrar og gir av seg sjølv, som setter barnet i fokus, og vil vere med å skape gode og innhaldsrike kvardagar for barna.
Vi søkjer deg som kan tiltre raskt i stillinga og som oppfyller følgande kompetansekrav:
Gode allmennkunnskapar.
Stor interresse for friluftsliv og natur.
Interesse for arbeid med barn.
Samarbeidsevne og fleksibilitet.
God kommunikasjonsevne.
Hjarte for barn
Relasjonsorientert
Løysingsorientert og fleksibel
Stort engasjement og positiv haldning
Raus og tydeleg, leken og ambisiøs
Attraktivt pedagogisk konsept (Skogsmulle pedagogikken)
Aktivt fagmiljø og engasjerte kollegaer
Godt arbeidsmiljø med fleire menn i barnehagen
Tariffavtale (PBL)
Politiattest må framleggas før tilsetting.
Hjellbakkane Barnehage Hjellbakkane barnehage er ein ideell privat barnehage tufta på ein natur- og friluftsprofil. Barnehagen vart opna i 1987, og er organisert i ei stifting med eigne vedtekter. Hjellbakkane barnehage er ei pedagogisk verksemd for barn frå 0 - 6 år. Drifta er forankra i barnehagelova med forskrifter, mellom anna rammeplan for barnehagen sitt ansvar og sine oppgåver.
"Hjellbakkane barnehage skal fremje fysisk aktivitet ute i naturen året rundt"
"Hjellbakkane barnehage, eit trygt fellesskap i samhandling med kvarandre og naturen".
Gjennom å vere i samspel med naturen og kvarandre, ynskjer vi at barna i Hjellbakkane barnehage skal oppleve leik og meistring. Dei skal få høve til å undre seg over det som skjer i naturen i dei ulike årstidene, og dei skal få erfare korleis vi bygger glede og omtanke for miljøet og naturen rundt oss. Vi ynskjer at barna skal få gode opplevingar i naturen.
Vi har frå august 2026 37 barn og 11 faste ansatte fordelt på to basar.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.