Avdelingsleiar korttids/rehabiliteringsavdelinga
Korttids/rehabiliteringsavdelinga har 20 plassar. Vi har nyleg opna opp 4 plassar og søker engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som ønsker å være med og bygge opp eit viktig tilbod og vidareutvikle tenesta.
Avdelinga gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og som treng kartlegging av vidare hjelpebehov. Vi tilbyr mellom anna opptrening og vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Arbeidet i avdelinga har eit tydeleg fokus å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne.
Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta og arbeider tverrfagleg for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp.
Sulatunet har lyse og trivelege lokaler og ligg vakkert til ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar og rehabiliterings i nærmiljøet.
Avdelinga er prega av flinke, og engasjerte fagfolk, varierte og spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø. Vi er innovative og tek i bruk velferdsteknologi. Helseplattformen er i bruk i avdelingen. Avdelinga har også besøkshund.
Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar korttids/rehabiliteringsavdelinga, 47518270, Line.Ostrem.Bjornevik@sula.kommune.no
Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5133003623
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.