Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Seksjon Lokalstøtte sør har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Fonna og Helse Stavanger. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna.
Saman med Seksjon Lokalstøtte nord utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen.
Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte sør med arbeidsstad i Haugesund.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Elisabeth Skeide Larsen, Seksjonsleiar, +47 95731636
Øvregata 126
5527 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 5198563811
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 01.12.2028
Søknadsfrist: 05.11.2026
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.