Heimetenesta Sør
Har du ei lidenskap for å hjelpe andre – og trivst best når du får gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng deg?
Likar du å vere på farten, kjenne friheita på vegen og jobbe sjølvstendig i vakre omgivelser? Då trur me du vil trivast hos oss!
Hos oss i Heimetenesta Husnes/Halsnøy får du ein arbeidskvardag fullt av gode møter, faglege utfordringar – og mykje meistring. Me søkjer deg som er engasjert, trygg og som vil vere med å skape tryggleik i heimane til pasientane våre.
Her får du bruke både fagkunnskapen, medmennesket og bilføraren i deg.
Kvinnherad kommune er kjend for varme og gode tenester – og eit fagmiljø som vil meir. Heimetenesta på Halsnøy og Husnes jobbar tett saman, og me er stolte av å ha eit inkluderande fellesskap der alle hjelper kvarandre å lukkast.
Me held til midt i nydelig vestlandsnatur med fjell, fjordar og flotte turstiar rett utanfor døra. Perfekt for deg som set pris på frisk luft og ro mellom vaktene.
Gyldig politiattest må leggjast fram.
Saman gjer me kvardagen trygg og god for dei som treng oss mest.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)