Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Me har ledig stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå snarast, og søkjer ein fagleg trygg og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å skape eit inkluderande og utviklande miljø for både elevar og kollegaer.
Åmot skule ligg sentralt i Åmot og er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 150 elevar, noko som gjev eit oversiktleg, trygt og inkluderande læringsmiljø.
Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring.
Elevane får mellom anna gratis skulemat kvar dag, og skulen tilbyr varierte læringsarenaer og opplevingar gjennom året.
Me ser etter deg som brenn for arbeid med elevar med særskilde behov – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte.
Velkomen som søkjar.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet.
Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Gisle Bonna Espedalen, Verksemdsleiar, +47 91802014
Raulandsvegen 58
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5199527006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.11.2026
Søknadsfrist: 01.11.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!