Er du autorisert sjukepleiar, eller tredje års sjukepleiarstudent, og ser du for deg ei framtidig karriere innan ambulanse og akuttmedisin?
Ambulansetenesta tilbyr forskriftskurs med nødvendig opplæring gjennom kurs, sjølvstudium og praksis. Kurset er lagt opp med faste datoar i perioden januar til mai. Opptak av søkjarar skjer i desember kvart år.
Ambulansetenesta i Helse Førde er organisert i Prehospita avdeling i kirurgisk klinikk. Tenesta har ansvar for all ambulanseverksemd i Sogn og Fjordane.
Vi søkjer deg som er motivert for og trivst i eit uforutsigbart miljø. Du set pris på både utfordringar og rutineprega oppgåver. Ein jobb i ambulansetenesta inneber å vere ein god kollega, arbeide i sjølvstendige team og saman finne gode løysingar til det beste for pasientane.
Dersom du allereie er tilsett i Helse Førde, kan du ikkje ha meir enn 50 % stilling før oppstart, for å få tilbod om vakter.
For å kunne starte på kurset må du ha gjennomført og bestått både intervju og fysiske testar.
Før du søkjer, er det viktig å setje seg inn i korleis kurset er lagt opp, og dei fastsette datoane. Det er obligatorisk oppmøte på alle samlingar, så du må vere budd på å avsette ein del tid.
Det skal gjennomførast minimum 100 timar hospitering i ambulanse ved ein tildelt stasjon i løpet av kursperioden.
Kurset inneheld generell e-læring, som skal gjennomførast i eige tempo. Nokre av e-læringskursa er direkte knytte til samling 1 og 4. Det blir tilrådd å gjennomføre desse nær opp mot dei fysiske kursdagane for å få best mogleg læringsutbyte.
Det samla omfanget av e-læringa i vikarkurset er om lag 18 timar, utanom e-læring knytt til samlingane om akuttmedisin og traume.
Kandidaten må sjølv melde seg opp til og skaffe seg førarkort klasse C1. Ved å arbeide minimum seks veker om sommaren, i perioden veke 25–33, får ein dekka 12 500 kroner per år i to år, totalt 25 000 kroner.
Ein må gjennomføre alle planlagde samlingar og all praksis, og bestå utsjekk samt hospitering før ein kan starte å arbeide. Etter at desse kriteria er oppfylt, kan ein få kontrakt etter avtale.
Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde, med mål om å rekruttere tilsette til eiga teneste.
Som vikar må ein rekne med å arbeide ved fleire stasjonar i Helse Førde sitt nedslagsfelt.
Arbeid i ambulansetjenesta består av daglege rutinar, reinhald, kvalitetsarbeid og beredskap inne på ambulansestasjonen. I møte med pasientane blir det gjort undersøkingar, forflytting, observasjon og behandling. Køyring av utrykningskjøretøy, arbeid på skadestad, operativ leiing, opplæring og rettleiing er òg sentrale arbeidsoppgåver.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Frank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar, 412 86 285
Per-Erik Eide Hjelle, Ambulansearbeider / opplæringsansvarleg, 915 84 784
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5182965856
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 08.11.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.