Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Har du lyst til å arbeide med bustad oppfølging og saksbehandling på bustadkontoret i Klepp?
Klepp kommune søkjer deg som har lyst til å vera med å bistå innbyggjarar i kommunale bustadar med å meistra å bu i eigen bustad.
Har du stå - på vilje og lyst til å vera med å videreutvikla det bustadsosiale arbeidet i kommunen? Då kan du vera personen me søkjer etter.
Som buveileder på bustadkontoret inngår du i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, og det er 3 årsverk knytt til kontoret.
Kontoret er organisert under kommunal område helse og velferd, og i avdeling for tenestekontor. Det er samla 15 årsverk i avdelinga.
Næraste overodna er avdelingsleiar for tenestekontoret.
Oppgåvene er veiledning, saksbehandling/tildeling og oppfølging av kommunale bustadar. Ein stor del av kvardagen handlar om å bygge gode relasjonar, motivere brukarar og hjelpe dei til å nå eigne mål. Arbeidet føregår både i brukars heim og på kontor. Det er tett samarbeid med eiendomsavdelinga, flyktningetenesta, Nav og dei ulike avdelingane i helse og velferd.
Visjonen for kommunen er: " med blikk for alle" og er med oss i alt arbeidet vi utfører.
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
For å lykkast i stillinga er det viktig å skape god dialog med innbyggjarane og ha gode kommunikative ferdigheter. Personlege eigenskapar er sentrale og vil bli lagt størst vekt ved tilsetning
Jane Fossan, Avdelingsleder, +47 92859072
Solavegen 1
4351 KLEPPE
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5200701803
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.