Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Fjord1 har ledig vikariat som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Bergensfjord.
Vikariatet har ei varigheit på seks månader, men kan bli forlenga ved behov. Ein går i turnus med to veker på og to veker av. I arbeidsperioden bur du om bord, og rederiet dekkjer reise til og frå arbeidsperioden.
I denne stillinga har du ansvar for å sikre at reserveferjene våre MF Bergensfjord til ei kvar tid er operative, samtidig som du bidreg til å dekke øvrige behov i sambandet. Som skipsførar har du ei sentral rolle i den daglege drifta og får arbeide både operativt og løysingsorientert. Arbeidskvardagen er variert og kan by på skiftande vêrforhold, høg trafikk og eit hektisk tempo. Stillinga gir verdifull erfaring frå drift av gassfartøy og er ei god moglegheit til å vidareutvikle deg som leiar.
Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skaper eit godt fellesskap.
Oppstart snarast mogleg er ønskeleg. Vi tilset fortløpande.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
E39
5561 Føresvik
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5199483263
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.