Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100% fast stilling.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.
Stillinga er for tida i langvaktsturnus med arbeidshelg 4.kvar helg.
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar/vernepleiar men utdanniing innan sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning på bachelornivå vil òg bli vurderte til stillinga
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar
Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Nyutdanna vernepleiar/sjukepleiar som har hatt stipendordning i Bjørnafjorden kommune, under utdanning, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000,- ved oppstart i 100% fast stilling
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?