Kommunalsjef for helse og omsorg
Vindafjord kommune søkjer ein engasjert og fagleg trygg kommuneoverlege som ønskjer å bidra til god folkehelse, forsvarlege helse- og omsorgstenester og god samfunnsmedisinsk beredskap. Stillinga er strategisk viktig og gir høve til å arbeida tett med både administrativ og politisk leiing.
Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar og har ei sentral rolle innan samfunnsmedisin, smittevern, folkehelse og helseberedskap. Stillinga er organisatorisk plassert hos kommunalsjef for helse og omsorg, og inngår i kommunen sitt overordna plan- og beredskapsarbeid.
Stillinga er på 30 %, og eignar seg godt i kombinasjon med anna kommunal, regional eller klinisk verksemd.
- Folkehelselova
- Helse- og omsorgstenestelova
- Smittevernlova
- Lov om helsemessig og sosial beredskap
Oppgåver og omfang vert tilpassa stillingsstorleik og avtala nærare med arbeidsgjevar.
Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med:
Sigurd Gjerdevik, kommunalsjef helse og omsorg
Telefon:
41242299E-post: sigurd.gjerdevik@vindafjord.kommune.no
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.