Vil du vere med å utvikle Ulstein kommune?
Ulstein kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar til ei nyoppretta stilling som kommunalsjef for personal og organisasjon.
Ulstein kommune etablerer ei ny eining der personal, HR, organisasjonsutvikling, digitalisering, kommunikasjon og kvalitetsarbeid vert samla under felles leiing.
Du får ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og skal bidra til å byggje ein heilskapleg, robust og framtidsretta organisasjon.
Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan eiga eining. Samstundes skal du bidra aktivt i den samla utviklinga av kommunen.
Jarl Martin Møller, Kommunedirektør, +47 97506761
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 5148260872
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.