Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Seksjon for verksemdstyring gir støtte til resten av Norec innan økonomi, rekneskap, arkiv, IKT og HR. Vi er opptekne av å ta i bruk nye verktøy for å effektivisere og digitalisere arbeidet, og vi ser stadig etter måtar å betre tenestene våre på.
Som seniorrådgivar blir du ein viktig støttespelar for leiarar og tilsette i Norec. Du skal arbeide både strategisk og praktisk med organisasjonsutvikling og HR. Oppgåvene spenner frå daglege rutinar til langsiktige prosessar som organisasjonsendringar, medarbeidarundersøkingar og partssamarbeid.
Du må og rekne med andre oppgåver i seksjonen ved behov.
Er du nysgjerrig på arbeidsmiljøet eller kulturen hos oss?
Ta gjerne kontakt med programrådgivar Eirik H. Walmsness på e-post.
Har du spørsmål om sjølve stillinga kan du kontakte seksjonsleiaren. Du finn kontaktinformasjonen nedst i annonsa.
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Vi ser etter deg som:
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi legg vekt på personlege eigenskapar som respekt og openheit i møte med andre.
Det blir trekt 2 prosent av løna di til pensjonsordninga.
Stillinga er lønt som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med ei årsløn frå 604 300 til 840 000. Løna blir fastsett etter avtale og er avhengig av utdanning og erfaring.
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi gir tilskot til internasjonale partnarskap som bidreg til å nå berekraftsmåla til FN.
Vi gjennomfører også uavhengige evalueringar av norsk utviklingssamarbeid og legg til rette for rekruttering til internasjonale organisasjonar.
Over 200 organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av nettverket vårt.
Norec held til i Førde og har om lag 60 tilsette. Førde er regionsenteret i Sunnfjord, med eit rikt kulturliv, gode tenester og kort veg til naturen.
Les meir om Norec på www.norec.no