Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!
Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga.
Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.
Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte.
Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg.
Ansvarlig for sjukpleiefaglege tiltak og oppfølging
Tverrfagleg samarbeid
Sikre dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn
Administrasjon av legemiddel og ansvar for ajourhald av legemiddelliste
Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane
Koordinering av hjelpetiltak, ansvar for innkalling til ansvarsgrupper mm.
Primærkontaktfunksjon
Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnere i 1. og 2. line tenesta
Henvisning til spesialist helsetenesta
Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale
Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik
Medverke til godt arbeidsmiljø
Kjenskap til og aktivt bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Halde seg fagleg oppdatert
Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
3 årig sjukepleiar / vernepleiar utdanning / anna helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg
Erfaring frå arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rus
Førarkort klasse B
Gode samarbeids - og kommunikative evner
Gode digitale ferdigheter
Personleg tryggheit og stabilitet, ha evne til å behalda roen i stressa og uoversiktlige situasjonar
Evne til nytenking
Evne til inspirere, rettleie og motivere andre
Fleksibel og løysningsorientert.
Ansvarsbevisst og påliteleg
Positiv, fleksibel og serviceinnstilt
Positiv, engasjert, punktlig og strukturert
Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og ansvar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Ein arbeidsplass med varierte og spanande dagar, meiningsfulle oppgåver og faglege utfordringar
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling med støtte frå kommunen
Samarbeid med dyktige og erfarne kollegaer
Lønn etter gjeldende tariff
Stillinga omfattast av rekrutteringstilskot til nytilsette i kommunen på 50 000kr + 50 000kr med 2 års bindingstid.
Eit stabilt, godt og inkluderande arbeidsmiljø
Moglegheit for tilrettelagt arbeidstid og gode forsikrings-, permisjons- og pensjonsvilkår
Politiattest jfr gjeldande lov
Krav til førarkort:klasse B
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Avdelingsleiar Jondal, Synnøve Eiken
tlf: 903 68 901
e-post: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no
Verksemdsleiar Rus og psykisk helse Ullensvang kommune, Nina Sandstå
tlf: 905 24 956
e-post: nina.sandsta@ullensvang.kommune.no
Link til søknadsskjema:
Søk her- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49