Vil du vere med og forme framtidas fagfolk innan restaurant- og matfag?
Restaurant- og matbransjen i Ålesund og på Sunnmøre er i sterk utvikling. Nye verksemder veks fram, og behovet for dyktige fagarbeidarar og lærlingar er stort. Ved Borgund vidaregåande skole utdannar vi ungdommane som skal møte dette behovet – og no ser vi etter ein engasjert fagarbeidar som vil vere med på laget.
Hos oss får du bruke fagkompetansen og erfaringa di til å skape meistring, motivasjon og yrkesstoltheit hos elevane. Gjennom praktisk arbeid på kjøkkenet, samarbeid med lokalt arbeidsliv og opplæring på skulen skal vi saman førebu elevane på læretid, fagbrev og eit framtidig yrkesliv.
Vi ser etter deg som har fagbrev og relevant erfaring frå restaurant- og matbransjen, og som ønskjer å dele kunnskapen din med ungdom. Du må trivast i møte med ulike menneske, vere ein trygg og tydeleg vaksen og ha lyst til å bidra til at elevane våre utviklar seg til stolte fagfolk for framtida.
- Å rettleie elevane, bistå faglærarane og elles andre faglege oppgåver på kjøkken/verkstad og klasserom.
- Har relevant fagbrev og erfaring fra bransjen
- Har generell god IT-kompetanse
- Har gode samarbeidsevner, likar å lære i lag med andre og jobbar godt i team.
- Trivst saman med og gjerne ha erfaring frå arbeid med ungdom.
- Er tålmodig og vennleg sjølv i utfordrande situasjonar.
- Har evne til å danne gode relasjonar med elevane.
- Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Anna:
- Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.
- Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
Sissel Brennholm, Fagleiar, 93202318
Roger Fylling, rektor, +47 93441678
Yrkesskolevegen 20
6011 Ålesund
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5152118094
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 30.08.2026
Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune.
Skolen har til saman nesten 1000 elevar og 235 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit ressurssenter, Nordre Sunnmøre (RNS) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs for næringslivet. Vi har også ansvar for undervisninga ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA-skolen) og ved Ålesund fengsel.